
JAZZINCUBATOR // NIKOLAI HANSLI QUARTET
Nikolai Hansli Quartet, er en kvartett med røtter fra Jazzlinja i Trondheim. Bandet formidler lyrisk musikk, og prøver å forene det melankolske og alvorlige med håp og varme. Med mange inspirasjonskilder som fra blues, gospel, jazz, kirkemusikk, meditativ musikk, moderne jazz og norsk folkemusikk, skaper bandet et unikt lydlandskap, og en atmosfære som åpner opp for en interaktiv spontanitet.
Besetning:
• Nikolai Hansli - Piano/Komposisjoner
• Mads Lundh Kristiansen - Saksofon
• Bendik Løland Lundsvoll - Kontrabass
• Erik Wie Flaig – Trommer

JAZZINCUBAOTR // SUIGARD
Suigard er ein ny duo i spagat mellom tradisjon og nyskaping. Duoen består av Vegard Hosarøygard frå Lom på gitar, og Sunniva Langås-Røiland frå Bø på hardingfele. Båe er studentar ved Noregs musikkhøgskule, der dei møttest hausten 2024 og raskt byrja samspelet.
Suigard komponerer musikken sjølv, med eit særskild fokus på dansetakt. Repertoaret leiker med kontrastane mellom nytt og gamalt – noko som og speiler seg i ei litt uvanleg besetning. Dei hentar inspirasjon frå både keltisk og amerikansk folkemusikk, men mest av alt den nordiske. Dei dreg og mykje inspirasjon frå jazz og rock. Med Suigard får du ei musikalsk oppleving i ny tradisjon - som får det til å rykkje i dansefoten.
Besetning:
• Sunniva Langås-Røiland - hardingfele
• Vegard Hosarøygard - gitar

JAZZINCUBATOR // BANKVELV
Bankvelv består av Heidi Kvelvane på akkordion/saxofon og Symre Taugbøl Bang på hardingfele/gitar. Me har fordjupa oss i slåttemusikk frå vestlandet, der me fyrst lærer slåttane tradisjonelt på hardingfele og akkordion før me overfører og arrangerer for gitar og saksofon.
Med denne framgangsmåten opplever me å ha overskot til å improvisere og tolke, utan å miste kontakten med den originale slåtten.
Me kom saman på jazzlina i Bergen, og fekk ein kickstart då me vann konkurransen «Jazz i sikte» i 2023 som førte til konsert på Nattjazz og Festspillene. Sidan har me spelt mykje saman, på både kappleikar, DNT-hytter, bygdetun og improjazz-scener.
Besetning:
• Heidi Kvelvane - akkordion/saxofon
• Symre Taugbøl Bang - hardingfele/gitar
DølaJazz – Lillehammer Jazzfestival // Postboks 566, 2603 Lillehammer, Norway // Kontakt oss: post@dolajazz.no